Eg byrja å spele fele då eg var sju år gamal, og voks opp i eit rikt folkemusikkmiljø på Fron i Gudbrandsdalen. Sidan, via studium og møte med mange slags folk, har eg spelt og komponert musikk mellom ulike stilartar, vere seg tradisjonelle, improviserte, barokke og kontemporære uttrykk.

Eg søkjer mot samspel. Å utforske kva som oppstår når to eller fleire karakterar arbeidar på same nivå. Er aktiv i ei lang rekkje med band.

Eg blir lokka mot ein musikk som på ein eller annan måte har i seg kvalitetar ein finn att i, og her må eg bruke eit vanskeleg omgrep, «naturen». Gjennom utvikling av utvida speleteknikkar på fela, samt observering av tonalitar og rytmikk i omgjevnadan våre, prøvar eg å ta inn slike idear i mi eiga speling. Musikken min kan stundom høyres post-elektronisk ut, men den er i alle høve sterkt inspirert av pre-teknologiske tider.