August 2019
Spelar fleire festivalar i fleire land og skal til Flerbruket for å spele inn musikk med Andreas Røysum Ensemble!

Juli 2019
Er med og arrangerar verdas beste festival i mine auge, Motvindfestivalen, som i si tid vart stelt i stand av Andreas Hoem Røysum og Haakon Stiff Aamlid. Programmet er sterkt som stål og motivasjonen er klår som ein fjellbekk: ein treng ikkje å menge seg med krigsprofiterande hyperkapitalistar for å arrangere jazzfestival i 2019, det er faktisk heilt bak mål og ei bjørneteneste for heile kulturen vår. Eg håpar verkeleg at folk tek innover seg den alvorlege situasjonen verda står i for augenblinken, krigsmaskineriet går for fullt hjå alle verdas stormakter og Noreg er med på lasset. Kva kan vi som medlemmar av kulturen vår gjera med det? Ta avstand frå haukar og ormar som set pengar framom menneskjeverd, attpåtill med påskudd om å hegne om menneskjeverdet, (tryggingstiltak, arbeidsplassar, økonomisk vekst i lokalsamfunn…). Og så spelar eg på nokre festivalar; Ranglerock, Vinjerock og Fanø Free Folk Festival. Sistnemte er ein heilt nydeleg festival der eg er så heldig å få opptre med tre band, duo med bror Rasmus, som ein del av Vassvik og saman med Frode Haltli Avant Folk.

Juni 2019
Tre lengre reiser i juni. Fyrst platesleppturne for skiva Gákti med Vassvik, i Oslo, Uddebo og London. Så skal eg til Marokko for å møte og danse med Master Musicians of Joujouka, attpåtil i Joujouka!! Og så landskappleiken i Vågå. Mangt eit åndeleg inntrykk å fordøye.

Mai 2019
Skal spele ein konsert med bror Rasmus, på Anders Hana, folkemusikkens reddande engel, sin konsertserie i Stavanger. Skal også spele på Folkemusikkveka på Ål med Vinjefolk, samt saman med Andreas Røysum på den avgjerande solisteksamen til Egil Kalman, noko som er ei ære.

April 2019
Betydeleg færre konsertar denne månaden gjer godt etter ei særs aktiv periode frå nyttår. To konsertar med Frode Haltli Avant Folk, på Voss og i Bremen, skal bli ei sann glede å vera med på. Så skal eg spele inn ei plate med eigne komposisjonar, for fyrste gong, saman med mine noko eldre heltar i Frode Haltli, Håkon Thelin og Per Oddvar Johansen. Den kjem ut i september.

Mars 2019
Den 1. mars kjem magasinet Motvind som Haakon Stiff Aamlid, Andreas Hoem Røysum og meg sjølv har sittet i redaksjonen for. Umåteleg godt nøgd med detta magasinet, og vonar mange vil lesa det. Mykje å lesa om mykje og mangt! Og så, to plater som på ulikt vis tek for seg fascinasjon og fantasiar rundt korleis ting går føre seg i verdsrommet vert utgjeve denne månaden. Med kvintetten Billy Meier er eg med på plata «Sounds From Erra», som vart spelt inn av vår gode ven Magnus Nergaard på Flerbruket, og miksa av vår gode ven Dag Erik Johnsen i Athletic Sound i Halden. Med Miman gjev vi ut plata «Stora mängder rymdgrus», ein tittel som refererar til kva som så skjebnesvangert intraff romskipet Aniara på dets ulykksalige ferd slik det er beskrive i Harry Martinssons episke romepos frå 1956. Der Billy si plate prøvar å skildre landskaplege, kulturelle og biologiske særtrekk ved planeten Erra, som på mange måtar ikkje er så særleg annleis enn vår eigen planet, handlar Miman si plate meir om tenkte soniske førehald som kunne ha oppstått i eit vektlaust rom, med alle dets omflygande objekt og (u)vilkårlege samantreff mellom desse.

Februar 2019
Har fått eit stort og fint oppdrag som månadens artist på Riksscena. Eg takkar og bukkar! Skal presentere tre konsertar på tre kveldar med musikk eg er veldig glad i. Fyrst, eit rykande ferskt prosjekt med Alasdair Roberts – den skotske meisteren – saman med meg, Marthe Lea, Andreas Røysum, Fredrik Rasten, Egil Kalman og Hans Hulbækmo. For eit band, eller kva? Vidare så skal Folkevogn, trioen med Sudeshna Bhattacharya, Michaela Antalova og meg sjølv spele, og til slutt blir det konsert og dansefest med Sør-Fron spelmannslag og gjester. Eg er glad!

Januar 2019
Turne i Tyskland og Belgia med Torgeir Vassvik, Rasmus Kjorstad og Audun Strype høyres morosamt ut. Vidare, konsertar med mine vener i Marthe Lea Band, forøvrig med jazzlegenda Kresten Osgood som vikar for Hans Hulbækmo.

Desember 2018
Innspeling av Fredrik Rasten sitt verk for seks gitarar, «Six moving guitars» skal skje, og så skal eg spele to lange konsertar like før jul. Tradisjonen tru på duo med Andreas Røysum og i år fer eg og bror Rasmus vera med på Pøbeljul med Poing, eit riktig julemirakel.

November 2018
Sanskriti Shresta er ein unik musikar og eg er så heldig å vera med på plata med bandet hennar «Avatar». Den heiter Brijanga og kjem ut 1. november. Så skal eg på nok ein turne med Miman, der vi endeleg skal spele i England, samt spele kvintett med Axel Dörner og Michael Griener, juuhuu!

Oktober 2018
Eg har vore med og laga ei spanande forestilling som heiter Femtimeteren. Vi er fire med musikkbakgrunn og tre med dansebakgrunn som har gått saman og laga noko som verken er konsert, danseforestilling, installasjon eller teater. Forestillinga synes i Kanonhallen i Oslo 11.-14. oktober. Av andre «høgdepunkt» denne månaden er ei vekes improvisasjonskurs på Jyderup og innspeling av Reolô sitt debutalbum!

September 2018
Endeleg fekk eg sjansen til å spele med Reolô att. Det var 9 månader sidan sist, frykteleg lenge. Å spele med Reolô er krevjande, morosamt og meiningsfullt. Eg kan liksom gjera akkurat kva eg vil, men samstundes må eg vera fullstendig skjerpa for å halde grepet i svingane Anders Røine, Rasmus Kjorstad og Hans Hulbækmo byksar inn i. Eg har fram til no ikkje opplevd noko liknande som å spele med Reolô. Vi skal spele inn debutplata seinare i haust, så vi kjem heilt sikkert til å spele fleire konsertar i åra som kjem.

August 2018
Sildajazz med Billy Meier, innspeling av Miman sitt andre album i København, platesleppturne med Slow Is The New Fast og Tønder-festivalen med Vassvik står på agendaen i august.

Juli 2018
For å bøte på den mildt sagt kjedelege og blogg-aktige retninga heimesida mi har teke, vil eg som denne månadens innlegg skrive om noko som opptek meg i stor grad, nemleg på kva måtar kulturaktørar skapar kultur.

1.
(S)å stolte dei er alle saman. Kongsberg Gruppen sin kommunikasjonssjef Ronny Lie simpelthen osar av stoltheit, om det er i sine pressemeldingar, som ofte handlar om missillar og milliardar, men au i sine svar på kritiske spørsmål er der stutt mellom desse gledesutbrota. Kongsberg Jazzfestival sin festivalsjef Kai Gustavsen er “stolt over samarbeidet” dei har med Kongsberg Gruppen. Og næringsminister Torbjørn Røe Isaksen er ikkje snauare enn at han manar oss alle til å ta del i stoltheita når han seier at “vi kan være stolt av at vi har en norsk forsvarsindustri som har teknologi, kompetanse og konkurranseevne til å lykkes internasjonalt”. Denne hemningslause stoltheita ber i seg ei stor fare for oss alle, nemleg hovmotet. Og blanda med ein sjukeleg hang etter å for einkvar pris hevde seg internasjonalt, framstår denne vitlause sjølvhevdinga som ein direkte trussel mot barn og unge over heile verda.

2.
(A)lt må vekse seg så stort, for der det fins ein marknad så skal ein liksom utnytte den så grådig! Antal artistar, billettprisane (dagspass for 1400 kroner), popstjerner med millionhonorar. Frå 2012 til 2017 firedobla Kongsberg Jazzfestival billettsalet, frå rundt 10.000 til rundt 40.000 selde billettar. Mellom 2005 og 2010 hadde Kongsberg Gruppen i snitt ein årleg vekst på over 20%. Det vart eksportert norske våpen til utlandet for 3,4 milliardar kroner i 2017, omtrent 1,5 milliardar meir enn året før. Geir Håøy, berre legg ansvaret over på dei som har arbeidd fyry deg ved å seie at dette er tråd med tradisjonen, men tru ikkje at du fer oss til å tru at sal av høgteknologisk drapsmateriell til diktatur og religiøse fundamentalistar med imperialistiske ambisjonar er noko dei har drive med på Kongsberg gjennom hundrevis av år. I 1935 la stortinget for fyrste gong føringar for norsk våpeneksport, det skulle ikkje selges norske våpen til land som var i krig eller borgerkrig. Denne lina vart enda stramma i 1959, då det i tillegg til land vart nemnt områder som var i krig eller borgerkrig, eller trua av krig eller borgerkrig. Seinare har det vore få store endringar i denne politikken, i 2015 vart det sagt at “våpeneksport blant annet skal vurderes opp mot forhold knyttet til ytringsfrihet, overvåkning, sivile og politiske rettigheter, holdningen til menneskerettigheter og humanitærrett, bruk av tortur og risiko for at militært utstyr kan brukes til å slå ned på fredelige demonstrasjoner”. Fungerar det i praksis? NATO-land som krigar og herjar kan kjøpe det dei vil. Deltakarane i verdas verste humanitære katastrofe i dag, krigen i Jemen, har i mange år vore blant Kongsberg Gruppens aller viktigaste kundar. 2015 vart det seld A-materiell (våpen, ammunisjon og visse typer militært materiell, anna materiell med strategisk kapasitet som vesentleg kan påvirke dei militære styrkeførehald ut over nærområdet) til Kuwait, De forente arabiske emirater (FAE), Qatar og Oman, og det vart eksportert B-materiell (øvrige forsvarsrelaterte varer som ikkje har eigenskapar eller bruksområder som A-materiell) til Saudi-Arabia. I desember 2017 vart sal av våpen til Emiratane stoppa. Likevel har det kome fram, særleg gjennom grundige artiklar i VG, at norskprodusert “forsvarsmateriell” vert brukt i krigen i Jemen. Ei av dei nyaste og den desidert største avtala dei har underteikna nokonsinne er med direkte udemokratiske Qatar som har salafisme som statsreligon og eit lovverk basert på sharia. Den er verdt rundt 15 milliardar norske kroner.

3.
(L)ett å sjå at det er vi som lagar historia. Mektige menn og kvinner med økonomiske interesser i sorg og liding kan gjerne fortelja oss at det er så viktig å utvikle teknologi for å drepe folk på mest elegante vis. Vi kan stå opp mot det eller ikkje. Begjæret er ei rein kjemisk drift som både vi og alle andre dyr har i oss, og ein dermed kan seie er fullstendig naturleg, men som vi likevel veit må temmes for ikkje på audmjukande vis undergrave vår eiga anstendigheit. Edel er balansekunsten. Impulsane våre er det som gjer oss til oss sjølve, men utan konsekvensutredning kan vi styre skuta utfor stupet.

4.
(I)kkje berre greit å vera små usikre menneskje i eit enormt univers. Vi ser oss sjølve gjennom andre, og traktar etter å vera som dei. Jim Denley meiner at spegelen er det mest kraftfulle redskapet vi har, og at det har hatt like mykje å seie for å forme menneskje som ilden. Han fann ut av dette ved å vera åleine i Australsk audemark i vekesvis i strekk. Utan spegel. Om ein ikkje stoppar opp, tek eit steg til side og med klår sikt betraktar situasjonen, kan ein finne seg sjølv med dei merkelegaste tankar. Misunning er kniven på strupa for samarbeid. Programarkivet til Kongsberg Jazzfestival er verkeleg eit flott skue, der har det vore spelt mykje kul musikk oppigjennom! Motvindfestivalen er ein bitteliten festival som vert arrangert for tredje gong og på ingen måte kan måle seg med den posisjonen Kongsberg Jazzfestival har. Men sistnemntes omgang med den ikkje lite skurkeaktige våpenbransja kan ikkje gå upåakta hen.

5.
(G)lupske hundar er vi når vi gjør mot scena i auditiv eufori. Ein kan fråtse i den lekre musikk både på Kongsberg og Motvind. Dette er ei gåve. Om noko verkar litt vanskeleg å finne ut av, er det slettes ikkje dumt å fantasere om korleis dei fyry oss hadde gjort det. Dansen rundt urtidsbålet. Trubadurane i mellomalderen. Musikken er den lækjande krafta i universet. Enjoy music 4ever som dei seiar i Mandal.

6.
(I)ngen skam å snu. Men korleis skal ein reagere, ja korleis skal vi te oss? Stundom vert ein lågpanna og bister, det er som om all uretten i verda smittar over på ein sjølv, det er vredens slangeaktige kraft som kjem snikande. Men det hjelp da så lite om vi er arge, det er dessuten ikkje vi som vert bomba sønder og saman, kva har vi å gråte for? Kva skal vi gjera med denne situasjonen da. Skal vi gå på Kongsbergjazz? Det er ikkje boikott det handlar om. Ein kjapp gjennomgang syner at 35 musikarar som har spelt eller skal spele på Motvind også har spelt eller skal spele på Kongsbergjazz, mot 13 som ikkje har det. Det er ikkje i heile tatt interessant å sverte festivalen, mykje heller vera til hjelp. Kongsberg Jazzfestival bør informere alle some spelar og alle som høyrar på at krigsprofitørar er med på laget. Så enkelt er det. Då Mike Cooper fann ut av det så avlyste han. Ikkje eit ord om at det var grunnen på heimesida til festivalen. Kvifor? Motstandskampen handlar her om å forsøke å spre fakta, få svar på spørsmål. Kva motiverar Kongsberg Gruppen til å handle med styresmaktar som piskar og steinar innbyggjarane sine? Kor mange dør kvar dag som følgje av godsakane dei lokkar med i butikken sin? Kor mykje fer Kongsberg Jazzfestival att for å samarbeide med Kongsberg Gruppen? Kva tenkjer Kongsberg Jazzfestival om dei historisk sett urokkelege motpolane jazz/feiring/friheit/ og våpen/krig/elendigheit, og kva slags implikasjonar deira nyskapande samarbeidet på tvers av desse har for samfunnsutviklinga i dag? Dette er spørsmål som burde besvares på ein ryddig måte, altså ikkje med tom retorikk. Som deltakarar i samfunnet er vi nøydd til å bidra til å skapa god kultur, og når nokon ikkje gjer det må vi seie frå. Då er det ikkje berre nok å spele musikk og lat det stå til. Dei skitne pengane må vekk frå bordet.

7.
(A)ldri må vi late som om dette ikkje skjer, ikkje ta stilling til det. Opp med blikket, bort med latskapen. Den moralske hengemyra festivalar som Kongsbergjazz står i har ei tildragande kraft som vi må gjera ein innsats for å unngå. Maktførehaldet mellom festivalen og musikar er slik at ein gjerne ikkje tør å stå opp mot makta i frykt for å få fyken. Men om ikkje handlingane våre samsvarar med det vi meiner, kven er vi då? Kraftlause dilledantar som er fine i retorikken, men ikkje bevegar oss i riktig retning. Gamlingane fyry oss måtte handle for å få endene til å møtes, her handles det eine og åleine for auka vekst. Både etisk og estetisk er det ugreit å blande missilar og meditasjon.

Les meir:
https://www.fn.no/Konflikter/Jemen
https://www.nrk.no/…/_-jeg-sa-vennene-mine-smelte-1.14029183
https://www.vg.no/…/norsk-vaapeneksport-unicef-hardt-ut-mot…
https://en.wikipedia.org/wiki/Human_rights_in_Qatar
https://en.wikipedia.org/wiki/Human_rights_in_Oman
https://www.regjeringen.no/…/retningslinjer-for-…/id2358851/
https://www.changemaker.no/krigsmateriell
https://www.motvindfestivalen.no/
https://kongsbergjazz.no/program/programhistorie/
https://theoral.files.wordpress.com/2016/07/jimdenleyhp1.pdf

Juni 2018
Ei aldeles nydeleg tid vi er inne i! Fuglane trillar og syng. Eg er mest i Oslo denne månaden, spelar ein del konsertar og arbeidar med greiene. Er utruleg heldig som har anledning til å arbeide med så mykje variert musikk og med så mange ulike folk. Skal presentere meir av det etterkvart…

Mai 2018
Denne månaden starta på best mogleg vis med ein potensielt sett på sikt legendarisk konsert med Marthe Lea Band som består av, forutanom Marthe Lea, meg sjølv, Andreas Røysum, Egil Kalman og Hans Hulbækmo. Vi spelar mange ulike instrument. Eit utruleg inspirerande band, konserten var heilt improvisert og vara i 1 time og 30 minutt. Meir av det! Seinare er eg i den heldige situasjonen å få spele i fleire norske byar: I Stavanger på Maijazz med Billy Meier, i Trondheim saman med Matilda Rolfsson i Vår Frues Kirke og i Bergen på Nattjazz med Frode Haltli Avant Folk. Så skal vi spele debutkonsert med ein trio som har øvd i lang tid og som eg har veldig tru på. Trioen kalles Folkevogn og består av Sudeshna Bhattacharya på sarod, Michaela Antalova på trommer og meg sjølv på hardingfele. Dette skjer på Melahuset i Oslo dagen etter finala i Champions League.

April 2018
Riktig glad for å annonsere at to album eg spelar på vert gjeve ut denne månaden. Fyrst med “Avant Folk”, ein tentett som den utruleg spesielle musikaren og ein av mine helter, Frode Haltli, sette saman då han var månadens artist på Riksscena i februar i fjor. Vi spelte ein konsert (på gjebursdagen min faktisk), den vart teke opp av Fridtjof Lindeman, og no er den kome ut på det skikkelige plateselskapet Hubro. Les meir om denne plata her. Den andre plata eg gjev ut er debutplata til min kjære trio Miman. Den heiter “Ulme”. Vi spelte inn musikken på Farmasihytta i Nordmarka i mars i fjor. Magnus Nergaard gjorde opptaka og miksa det, Audun Strype mastra, vi var heldige nok til å få bruke Morten Juvet sitt vakre måleri “Reverus” som framsidebilete, og Simen Engen Larsen gjorde oppsettet. Den kjem, som “Avant Folk” au, både på CD og vinyl, og plateselskapet er… mitt eige, heilt nye plateselskap som heiter Motvind Records! Les meir om det her. Sjå kategorien “konsertar” for speledatoar, det er ein del av dei denne månaden.

Mars 2018
Arbeidar med musikken…

Februar 2018
Denne månaden skal duoen eg og Henriette Eilertsen har hatt i mange år, Kakapoi, ha eit aldri så lite “comeback”. Vi spelar laurdag 3. februar på ein fin konsertserie kuratert av Signe Emmeluth på Kafe Hærverk. Eg stemmer for at vi alle generelt støtter opp om slike stader som Hærverk! Så skal eg spele med Sanskriti Shresta sitt band att (også med Henriette Eilertsen), og seinare ein konsert eg ser veldig fram åt – min fyrste med Erik Kimestad Pedersen. Både Vassvik og Billy Meier skal spele inn ny musikk denne månaden. Og apropos Billy Meier – vi er plukka ut til å få vera med i “Jazzintro 2018”, les om det her: https://jazzforum.jazzinorge.no/2018/01/31/atte-band-klare-jazzintro-2018/. Spanande!

Januar 2018
Velkome til heimesida mi. Her skal eg prøve å informere litt om kva eg driv med. Til dømes skal eg spele fleire spanande konsertar denne månaden – les meir under kategorien «konsertar».  Alt godt, Hans